No er det vel snart fem år sida eg byrja skrive nynorsk. Eg hadde flytta til Bergen hausten før, og i løpet av vinteren forelska eg meg. Eg forelska meg i eit nydeleg skriftspråk, eit språk av og for heile landet. Eg forelska meg i nynorsken. Trudde eg, i det minste.

Eg har alltid likt å skrive nynorsk når eg skal vere morosam. Har du nokon sinne lest noko av Are Kalvø? Kom igjen. Alt blir jo morosamt på nynorsk. Også eg. Trudde eg, i det minste.

Vinteren og våren for fem år sida var det ikkje berre morosame tekstar eg skreiv, altså. Uansett kva eg skulle skrive så skreiv eg det på nynorsk. Anten det var SMS-ar til kompisar, e-postar, notat frå forelesingar, obligatoriske oppgåver på universitetet ? ja, kva som helst. Eg irriterte nok nokon, men kva gjorde vel det. Nynorsk var jo så morosamt å skrive. Trudde eg, i det minste.

Eg oppdaga fort at eg eigentleg ikkje skreiv særleg godt nynorsk. A-endingane var alt for mange. Mange ord var nok beint fram konstruerte. Ikkje berre var det stavekontrollane som fekk prøvd seg, men også dei som skulle lese det eg skreiv. Men eg vart betre og betre på nynorsken, dag for dag. Trudde eg, i det minste.

Så drog eg heim til Steinkjer ei helg. «Eg har bestemt meg for å berre skrive nynorsk framover», fortalde eg nøgd til far min. Eg var ikkje heilt sikker på korleis han kom til å reagere, men han overraska meg uansett kva eg hadde forventa. Svaret han gav meg var jo heilt håplaust. Trudde eg, i det minste.

«Å?», sa han, ikkje særleg overraska. «Kva heiter så ho?» Eg hugsar det som om det var i går. Vi sat i bilen, på veg utover mot vakre Fosen. Mamma og pappa i framseta, eg sat i baksetet. Og eg blånekta. Sjølvsagt. At eg valde å skrive nynorsk hadde jo ikkje noko med kvinnfolk å gjere. Trudde eg, i det minste.

Eg prøvde å forklare meg. «Nei, nei, nei. Det er ikkje noko kvinnfolk inne i biletet. Det her handlar berre om det at eg av å bu i Bergen ? med haugevis av nynorskbrukarar rundt meg ? har funne ut at nynorsk er eit rikare språk, eit meir nyansert språk, eit vakrare språk, ja, eit betre språk. Eg har nynorsk på alle kantar no, og eg er overbevist.» Eg meinte verkeleg det eg sa. Trudde eg, i det minste.

Sjølvsagt tok eg feil. Som så ofte både før og etter. Sjølvsagt var det eit kvinnemenneske som inspirerte meg til å skrive nynorsk. Det er berre nok eit bevis på at du kan tru kva du vil, men sterkast av alt er kjærleiken. Snart har vi vore saman i fem år, og eg skriv vanlegvis bokmål. Bokmål har eg skreve i snart fem år. Kjærleiken varer framleis, nynorsken gjekk fort over. Om ikkje eg skal prøve å verke humoristisk, da. Då skriv eg framleis nynorsk. Og vi ser jo at det funkar. Trur eg, i det minste.

(Denne petiten sto på trykk i Trønder-Avisa Pluss lørdag 23. februar 2013.)